Ei stupbratt trapp fører opp til leilegheita. Med to små barn og ein skade etter trafikkulukke i heimlandet, er det ein slitsam og risikofylt aktivitet å koma seg trygt inn i heimen, men kvinna nemner ikkje det med eit ord. Ho er mest bekymra for den usikre framtida til barna. Foto: Oddrun Midtbø

Norske barn fastlåst på asylmottak

I dag bur 17 norske barn på asylmottak, spreidd rundt om i landet. Mødrene deira har fått beskjed om at dei skal ut av landet – med eller utan barna.

(Denne artikkelen vart fyrst publisert i Firdaposten og Bygdanytt desember 2020. Etter den tid har me i Norpublica skrive ein artikkel om at UDI underrapporterer kor mange norske statsborgarar som bur på mottak. Det korrekte skal vera 21 norske barn.)

– Eg må vera sterk for barna mine. Dei betyr alt for meg, seier ei av kvinnene me møter. Det er tidleg hausten 2020, og ho har fått ei ny bekymring. Mottaket ho bur på i Arna skal leggast ned. Mor og barn må flytta dit UDI peiker.

Redd for å mista barna

Det som skil denne kvinna frå dei fleste andre flyktningar, er at ho er mor til norske statsborgarar. Ho er utvist frå landet. Etter fleire avslag har ho vedtak på at ho må ut av landet for minst to år – før ho kan søkja familiesameining med eigne barn. Ho må attende til det landet ho flykta frå eller eit anna land for å kunna levera inn søknad på ein norsk utanriksstasjon.

Det kostar i dag 10.500 kroner å få søknaden vurdert av Utlendingsdirektoratet (UDI). Deretter kan det ta eit par år før ho får svar på søknaden. Då har det gått fire år sidan ho reiste frå familien. Og svaret kan bli negativt. Eit liv saman med barna er då tapt for mange år, i verste fall for alltid.

Blir automatisk norsk statsborgar

Etter norsk lov blir barn fødd 1. september 2006 eller seinare, og som har anten norsk mor eller far, automatisk norsk statsborgar. Det gjeld uansett om dei er fødde i Norge eller i utlandet, og uansett om foreldra er gifte eller ikkje.

I Florø møter me ei kvinne som kom til Norge i 2009. Ho har flytta ut av UDI-systemet og saman med den norske mannen som er far til barnet. Det vart for vanskeleg å vera gravid og samstundes bli tvangsflytta til eit mottak langt frå far til barnet. Denne vesle norske statsborgaren er dermed ikkje i statistikken til UDI, men kvinna er like fastlåst i ein vanskeleg situasjon, som dei som bur på mottak. Ho har ikkje opphaldsløyve og kan dermed ikkje ta utdanning eller arbeida. Ho lever i konstant frykt for at politiet skal koma og tvangsreturnera ho til landet ho flykta frå.

– Eg vil aldri reisa frå barnet mitt, seier ho bestemt, men ho vil gjera alt for å få ei løysing på situasjonen. Den einaste løysinga ho ser, er at dei tre skal få bu saman trygt som ein familie.

Avslutninga på svangerskapet vart dramatisk og barnet vart fødd to månader før termin, etter ein ambulansetur Førde – Bergen. Det vart komplikasjonar etter fødsel som gjorde at paret fekk ei rekning på rundt 65.000 kroner frå Helse Bergen, og som raskt auka til nærmare 80.000 kroner etter at inkassobyrå vart kopla inn.

Far fekk hjelp frå Pasientombodet til å sletta denne gjelda etter nærmare eit år, likefullt kom inkassokravet året etter og ein ny runde med kamp i inkasso- og helsevesenet måtte til før rekninga var ute av verda. Det gjekk eit år før far fekk barnetrygda. Han skjønte raskt at det ville vera nyttelaust å søkja om pappapermisjon eller kontantstøtte det året barnet ikkje var i barnehage – ettersom mor ikkje har fødselsnummer, budd i Norge/EØS i fem år eller to år med arbeidsinntekt. Han er norsk statsborgar og har jobba og betalt skatt i rundt 34 år.

Kvinna har inga form for inntekt eller trygd, og må betala 2.100 kroner kvar gong ho er på sjukehus for helseplagene ho har. Ho har sjekka om ho kan flytta inn att på mottak for å få opna saka att, men får til svar at det må bli utan barnet som er norsk. Norske statsborgarar skal ikkje bu på mottak.

Norske barn stiller svakare enn asylbarn

Den fyrste kvinna me møter på Arna mottak, søkte om alternativ mottaksplassering for å vera nærare far til barna, og for at dei ikkje skal måtta forlata det som har gjort dei trygge; barnehagen og nettverka dei har bygt opp gjennom fleire år.

UDI svarar slik i brev til kvinna: «Barna dine er norske statsborgere og er derfor ikke i målgruppen for alternativ mottaksplass. I denne saken mener vi at innvandringsregulerende hensyn veier tyngre enn hensynet til barna, og at det ikke er grunnlag for å innvilge søknaden om alternativ mottaksplass.»

Pengane er ikkje motivasjonen

UDI avsluttar brevet med at det er frivillig å bu på mottak, og at ho mister retten til pengestøtta frå UDI dersom ho vel å flytta ut av mottaket. Men det er ikkje pengane som er motivet for å bli buande på mottak. Kvinna med to barn, får utbetalt totalt 4800 kroner å leva for i månaden. Det skal dekka mat, klede, bleier, legeutgifter, medisin og reiseutgifter når ho og barna skal besøkja far.

Kvifor flyttar ho ikkje berre ut frå mottaket og saman med far til barna?

– Dersom eg flytter ut av mottak vil eg vera ute av UDI-systemet, og vil aldri få sjanse til eit lovleg liv i Norge. Eg vil mista barna mine. Det er mi største frykt, seier ho.

Det er vanskeleg for oss med eit trygt og stabilt liv i Norge å forstå at denne frykta er reel, men ho har fleire eksempel på at mødrer som har flytta saman med fedrane, får vedtak frå UDI om at dei er utvist frå landet, og barna kan bu hjå far.

UDI meiner mor kan forlata barna

I eit UDI-vedtak kan me lesa: «Vi legger ut fra det opplyste til grunn at du fram til nå har vært den primære omsorgspersonen for x. Men da du og x nå bor sammen med faren hennes, legger vi også til grunn at far deltar i den daglige omsorgen av henne. Det foreligger ikke opplysninger i saken om at far ikke kan ivareta x på forsvarlig vis. Hun vil således også ha nær omsorgsperson som hun bor sammen med når du forlater Norge. Det forligger ikke opplysninger som tilseier at x kommer til å bli utsatt for en større belastning enn det som er vanlig i denne typen utvisningssaker.»

Frykta for familiesplitting er reell.

Når me spør UDI om kva konsekvensar det vil få for kvinner som flytter ut av mottak, får me dette svaret:

«Mottakene er et frivillig botilbud for asylsøkere. Å flytte fra mottaket har ingen konsekvens for saken til asylsøkeren. En person med endelig avslag er pliktig til å forlate Norge, enten på egen hånd eller med assistanse. Hvis vedkommende oversitter utreiseplikten, er hen her ulovlig. Personer med avslag (utreiseplikt) mister en del rettigheter når de ikke lenger har rett til å oppholde seg i Norge (se f.eks. pasient- og brukerrettighetsloven, opplæringsloven, helse- og omsorgstjenesteloven, barnevernsloven etc.), men dette er uavhengig av om de bor i mottak eller ikke.»

Største ønske: Å leva eit vanleg familieliv

– Mitt største ønske er å få leva saman som ein vanleg familie, seier far, som er like fortvila som mor.

Dei har gifta seg i moske, og ønskjer å gjera det formelt når ho har lovleg opphald. Han hadde god jobb i Molde som han sa opp for fire år sidan, for å vera nær familien sin. Han veit av erfaring at det ikkje er lett å få ny jobb, og vart veldig glad då han fekk arbeid i Bergen.

Han har teke opp problemet med arbeidsgjevar og har no fått endra arbeidstida til nattskift. På den måten kan han ha fleire fridagar i strekk, for å kunna besøkje familien dersom dei blir tvangsflytta til eit mottak langt vekke.

Kritikk til mødrene

Innvandringskritiske røyster som Human Rights Service hevdar at desse mødrene er uansvarlege, men kvinna meiner ho har gjort det ho kan for å stetta krava UDI stiller for å avklara kva land ho kjem frå.

Kort fortalt: Ho kom til Norge for fem år sidan; frå Eritrea. Eit land der det ikkje er vanleg at folk har pass. Sjølv om UDI krev at asylsøkjarar legg fram dokumentasjon på identitet, konkluderer dei ofte med at dei ikkje trur eritreisk dokumentasjon er ekte. Det gjekk ti månader før ho fekk det fyrste intervjuet; deretter eitt år før ho fekk det fyrste avslaget.

I avslaget om opphald skriv UDI «Du har begått grove overtredelser av utlendingsloven». UDI meiner ho har snakka usant om identitet. At ho eigentleg er frå Sudan, og ikkje Eritrea. Konsekvensen er at dei stenger ho ute av Norge og Schengen-landa i to år. UDI held fast på at ho kan returnera til Sudan, trass i at den sudanske ambassaden i Oslo seier at dei ikkje kan handsama saker frå privatpersonar.

Det norske passet er lite verdt for norske statsborgarar som bur på asylmottak. Passet løyser heller ikkje floken for mødrer som har fått endeleg avslag frå UDI og UNE. Foto: Oddrun Midtbø
Det norske passet er lite verdt for norske statsborgarar som bur på asylmottak. Passet løyser heller ikkje floken for mødrer som har fått endeleg avslag frå UDI og UNE. Foto: Oddrun Midtbø

Førespurnaden må koma frå ein offentleg instans, som til dømes IOM. (Den internasjonale organisasjonen for migrasjon – som mellom anna assisterer ved frivillig retur til heimlandet.)

I rein desperasjon kontakta ho representantar for det landet ho flykta frå; den eritreiske ambassaden i Stockholm, i forsøk på å få ei stadfesting frå dei at ho er statsborgar frå Eritrea. Slik kommenterer UDI dette forsøket: «Vi har ikke tatt stilling til anførslene dine fra Eritrea, eller hvorvidt du også er eritreisk statsborger, da vi uansett mener at du som sudansk statsborger kan returnere til Sudan».

Og så legg dei til ein oppsiktsvekkande kommentar.«Videre vil vi bemerke at det at du oppsøker eritreiske myndigheter, her representert av den eritreiske ambassaden i Stockholm, tilsier at du ikke frykter forfølgelse frå dem. Allmennpreventive hensyn og hensynet til den alminnelige rettsoppfatning taler etter dette for at du utvises.»

Me har lese mange avslag frå UDI, der årsaka er manglande ID-papir og dei ber asylsøkjar kontakta eritreiske ambassaden i Stockholm for å få pass. Me har også sett at i fleire tilfelle blir det likevel avslag, fordi UDI legg ikkje vekt på eritreiske dokument.

UDI ignorerer fagfolk

Lokalssamfunnet engasjerte seg for å hindra at Arna Asylmottak vart lagt ned. Utan resultat. Ulike fagfolk frå barnehage og helsesektoren engasjerte seg; skreiv brev til støtte for kvinna. Utan resultat. No er alle flytta; spreidd rundt om på ulike asylmottak. Kvinnene fortel at nokre av dei som flytta, reiste vidare til andre europeiske land. Ein telefonsamtale med ein mottaksleiar stadfestar at personar forsvinn frå systemet. Ingen kan svara på om det er norske barn blant dei som valde å reisa ut av Norge.

Denne artikkelserien er laga med støtte frå Fritt Ord. Artikkelen ble første gang lagt ut i desember 2020.