Illustrasjon: Oddrun Midtbø

«Giftpillen»

– Konspirasjonsteoriar gjer seg stadig vekk gjeldande i den moderne verda. Eg meiner det er viktig å kunna forstå dei både som fenomen, som problem og som symptom, seier Øyvind Strømmen.

Med denne boka vil han at lesarane skal læra meir om kva som er årsaka til konspirasjonsteoriar, for å kunna forstå dei som problem og som symptom på reel samfunnsproblem.

Kva handlar boka om?

Boka handlar om konspirasjonsteoriar som fenomen samfunnsproblem, og om korleis ei samfunnskritisk tilnærming til konspirasjonsteoriar bør sjå ut.

Kor langt er du komen i prosessen og når planlegg du publisering?

Boka vert sett til trykk i desse dagar, og så følgjer ein siste runde med korrektur. Eg er med andre ord nesten heilt i mål, og planen er at ho skal koma ut i august.

Har du skrive bøker tidlegare? I tilfelle ja, kva titlar?

Eg har skrive “Det mørke nettet”, “Den sorte tråden” og “I hatets fotspor”, alle om høgreradikalisme, samt ein biografi over Anders Lange, og ei bok om ungarsk historie og samtid, ei slags innføring for å skjøna fenomenet Viktor Orbán.

Kvifor er denne boka du jobber med no, viktig?

Konspirasjonsteoriar gjer seg stadig vekk gjeldande i den moderne verda. Eg meiner det er viktig å kunna forstå dei både som fenomen, som problem og som symptom; å kunna sjå korleis dei appellerer til noko allmennmenneskeleg, korleis dei fører enkeltmenneske på ville vegar, korleis dei øydelegg samfunnsdebatten, men også at dei kan vera symptom på reelle samfunnsproblem.