Stortingsrepresentant Karin Andersen meiner det er alvorleg for det politiske arbeidet at ein ikkje kan stola på offisiell statistikk. (Foto: Stig Weston)

UDI underrapporterer omfanget av norske barn på asylmottak

– Alvorleg for det politiske arbeidet.

I følgje offisiell statistikk bur det 12 norske barn på asylmottak rundt om i Noreg. For tre år sidan var denne gruppa barn fullstendig fråverande i all offisiell statistikk. No erkjenner UDI at dei har feil tal. Det korrekte talet er 21 norske barn.

Barn som har fått norsk statsborgarskap gjennom norsk far, der mor ikkje har opphaldsløyve i landet, endar ofte opp i asylmottak saman med mor.

I 2018 var ikkje norske barn på asylmottak synlege i nokon offisiell statistikk. Dette endra seg då media skreiv om denne usynlege gruppa. Dette førte til sterke reaksjonar og kommentarar frå ulike organisasjonar og politiske parti. Då journalistnettverket Norpublica såg på saka på nytt fann vi både feil i statistikken og at situasjonen er uendra for norske barn i mottak. UDI erkjenner at dei over fleire månader har underrapportert kor mange norske barn som er i denne situasjonen.

Blir bekymra over faktafeil i statistikk

– Dette har ingen praktiske konsekvensar for oppfølging av barn i mottak, hevdar UDI.

Denne haldninga deler ikkje stortingspolitikar som nyttar statistikk som grunnlag i det politiske arbeidet.

Stortingspolitikar Karin Andersen (SV), som også er leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen, blir overraska når ho høyrer at det er ikkje fakta som blir presentert i offisielle statistikkar.

– Eg blir svært bekymra når tal i offisiell statstikk ikkje er korrekte eller oppdaterte. Eg hentar ofte tal frå ulike statistikkar i mitt politiske arbeid, og forventar at dei er til å stola på, seier ho.
– Det burde gå raskt å registrera folk som flyttar inn og ut av mottak. Med IKT-systemet vi har i dag, skulle det ikkje vera eit problem. Men dette er eit administrativt ansvar som UDI må svara på, seier ho og forventar at datasystem som registrerer kven som bur på mottak til ein kvar tid skal syna kven som faktisk bur der.

– Dersom nokon flyttar utan å melda frå, kan eg forstå det kan ta litt tid, men ikkje elles.

Norske barn som bur på mottak

To små norske statsborgarar har budd heile liva sine på asylmottak. Den eldste er 5 år, og skal snart byrja i skulen. Mor har fleire gonger søkt om opphald i Noreg, og fått avslag av UDI (Utlendingsdirektoratet) og UNE (ankeinstansen Utlendingsnemnda). Sjølv om mor vann fram i Oslo tingrett i 2019, anka UNE domen og gjekk sigrande ut av Borgarting lagmannsrett. Tobarnsmora sat att med ei rekning på rundt 150 000 kroner med betalingsfrist innan to veker. I tillegg til eit vedtak om at ho skal ut av landet – med eller utan barna. For å søkja om familiesameining med eigne barn, må søknaden som regel vera sendt frå eit anna land enn Noreg.

Fleire av kvinnene vegrar seg frå å flytta ut av mottak og saman med far fordi dei fryktar at saka deira vil bli avslutta utan moglegheit for å retta opp status til lovleg opphald. Dei fryktar også at dei vil mista foreldreretten til barna.

Heimlandet til kvinna er Etiopia, som no er prega av uro og konflikt.

Denne saka er eit av fleire eksempel på oppvekstvilkår norske barn lever under – i Noreg. Om desse to barna er synlege i statistikken til UDI er umogeleg å seia, ettersom tala ikkje er korrekte.

Systemfeil fører til feil i statistikken

«Statistikk gir grunnlag for faktabasert utvikling og eit velfungerande demokrati», står det på SSB sine nettsider. Kva når statistikken ikkje er korrekt? Gjennom direkte kontakt med mødrer som har fått avslag, og som bur på asylmottak med barna sine, har Norpublica kartlagt minst 16 norske barn. Feilen i statistikken til UDI vart oppdaga under arbeid med det journalistiske prosjektet «Dei usynlege norske statsborgarane».

Etter spørsmål- og purrerunde til UDI om kva som kunne vera årsak til denne skilnaden i tal, kom svaret i ein e-post datert 26. april: «Det skyldes en feil i våre systemer.”

UDI skriv at det korrekte talet er 21 barn, men den offisielle statistikken (denne sida vart fjerna frå UDI etter at artikkelen vart publisert)  er framleis ikkje endra då vi skriv denne artikkelen 21. mai.

Oppdatering 15. juli 2021: UDI har oppdatert statistikken for juni på denne nettsida. No står det 20 norske barn.

UDI underrapporterer omfanget av norske barn på asylmottak

 

Trudde problemet vart løyst

Karin Andersen trur mange vil bli overraska over å høyra at det framleis bur norske barn på asylmottak. Det skapte sterke reaksjonar då det vart kjent for nokre år sidan, og ho trudde den saka var løyst.

– SV jobbar vidare for å endra utlendingspolitikken slik at den skal ta meir omsyn til barn i alle slike saker. I mange fleire saker må det kunne brukast alternative reaksjonsformer og ikkje utvising. Innvandringsregulerande omsyn veg for tungt no, og omsynet til barn og familie betyr altfor lite, seier politikaren som i mange år har markert seg i asylpolitikken.

Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt meiner det burde vera ein sjølvfølgje at ein skal kunna stola på at offisiell statistikk er korrekt og oppdatert. (Foto: Bjørn Erik Larsen/Bergens Tidende)
Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt meiner det burde vera ein sjølvfølgje at ein skal kunna stola på at offisiell statistikk er korrekt og oppdatert. (Foto: Bjørn Erik Larsen/Bergens Tidende)

– Må kunna stola på offisiell statistikk

Jan Fridthjof Bernt, professor i jus har gitt ut fleire bøker som omhandlar forvaltningsrett, kommunalrett og generell rettsvitskap. Då han blir informert om feilen som er oppdaga i UDI, svarar han: – Det må vera ein sjølvfølgje at ein skal kunna stola på offisiell statistikk. Kor raskt ein kan forventa at slike feil skal rettast opp, kan diskuterast. Dersom det er informasjon som er aktuell og dannar grunnlag for politisk diskusjon, som eg vil tru gjeld denne saka, bør tala korrigerast så raskt det let seg gjera, seier han. Han har ikkje oversikt over kor ofte slike feil skjer, men meiner det er interessant å følgja utviklinga i denne konkrete saka. 

NOAS stressar ikkje

Generalsekretær Pål Nesse, NOAS, (Norsk organisasjon for asylsøkere) er litt meir avslappa til om korrigeringar ikkje blir gjort med det same.

– Eg har generelt god erfaring med statistikkavdelinga i UDI, og reknar med at dei vil korrigera talet i løpet av kort tid, seier han.

NOAS har medarbeidarar som hjelper i saker med “familiar med ulik opphaldsstatus i asylmottak”, som gruppa blir kalla i utlendingssystemet. Der finn ein dei norske barna, i tillegg til barn som har fått ulike former for opphald, der foreldre kan søkja om familiesameining med eigne barn.

UDI: “Andre oppgaver må prioriteres høyere”

 “UDI er opptatt av kvalitet, men feil kan skje”, skriv direktør i UDI, Frode Forfang, på bloggen sin. Då er det spesielt saker der UDI har gjort om eigne vedtak, han har i tankane.

I denne saka er det UDI-tilsette som arbeider med statistikk og analyse, som får ansvar for å forklara statistikkfeilen. Svaret kjem i form av ein e-post:

“I Utlendingsdirektoratet trekker vi statistikk rett fra utlendingsdatabasen, og tallene gjenspeiler de registreringene som finnes i databasen. Etter overgangen til nytt datasystem (MOT) i fjor, har vi imidlertid hatt utfordringer knyttet til å få riktige tall på kapasitet og belegg i mottak. Det har vært svært tidkrevende å tilrettelegge dataene. Mye er nå på plass, men vi er ikke helt i mål.

Videre har vi en liten feil som gjør at vi for noen av de norske barna i mottak vil, ved enkelte kompliserte uttrekk, få opp feil statsborgerskap;  vi får isteden opp mors statsborgerskap, som barnet tidligere var registrert med. For denne henvendelsen måtte vi korrigere uttrekket ved å sjekke hver enkelt sak i databasen. Feilen er meldt, men tidsperspektivet for rettingen er usikkert, da det er andre oppgaver som må prioriteres høyre.

Dette har selvsagt ingen praktiske konsekvenser for oppfølging av barn i mottak.

Vi beklager ulempene det har medført for deg.”