20. desember 2019. Eit par mil nordvest for Tripoli oppdagar Ocean Viking ein gummibåt. Ombord er det 112 personar; 24 kvinner og 7 små barn. Motoren har stoppa. Båten driv rundt i bølgjene. Fortvila menneske prøver å hindra at vatn kjem inn over den punkterte delen av båten. Denne gruppa blir redda i siste sekund. Foto: Johan Persson

Konsekvensane av eit stengt Europa

– Boka “Till varje pris” er ikkje eit debattinnlegg, men eit debattgrunnlag. Ein må gjerne meina at stengte grenser mellom Europa og resten av verda er verdt prisen, men ein skal vera klar over kostnaden, seier forfattaren Anna Roxvall.

No er den rykande ferske reportasjeboka, “Till varje pris”, lansert. Neste etappe er i gang for duoen som står bak Myteri Forlag.

Dei siste to åra har journalist Anna Roxvall, saman med fotografkollega Johan Persson, hatt fleire reiser til ulike afrikanske land for å forstå og formidla dramatikken som skjer i og rundt Middelhavet. Dei har møtt flyktningar, menneskesmuglarar, grensevaktar, krigsherrar og EU-politikarar. Mange menneske som aldri når fram i media, og nokre som skyr journalistar som pesten.

Anna Roxvall og Johan Persson har reist på kryss og tvers av det afrikanske kontinentet, over Middelhavet og inn maktas korridorar i Brussel for å kunne fortelja historier om kva konsekvensar stengt Europa fører til for menneske på søk etter eit tryggare liv. Her frå starten i Niger. Foto: Myteri Forlag
Anna Roxvall og Johan Persson har reist på kryss og tvers av det afrikanske kontinentet, over Middelhavet og inn maktas korridorar i Brussel for å kunne fortelja historier om kva konsekvensar stengt Europa fører til for menneske på søk etter eit tryggare liv. Her frå starten i Niger. Foto: Myteri Forlag

Kan ikkje kopla vekk hjarta

– Me vil at lesarane skal kjenna det i kroppen når dei les denne boka, seier ho. Kva type kjensler lesarane skal kjenna på blandar ho seg ikkje i, men ho vil at folk skal ha både hjarta og hovud med før dei har sterke meiningar om flyktningpolitikken EU fører. Og ikkje minst; kva konsekvensar stengte grenser fører til.

Menneska som risikerer alt for eit tryggare og betre liv, har også satt sine spor i forfattaren og fotografen. – Dei fleste flyktningar veit at det er vanskeleg å koma seg til Europa. Det er fleire som døyr i ørkenen enn i Middelhavet, og mange endar sine liv i interneringsleirar i Libya, til tortur og slavearbeid i eit krigsherja land. Gjennom boka blir me mellom andre kjent med 28 år gamle Lam frå Sør-Sudan. Kva er årsaken til at han legg på flukt, og korleis går det med han? Lam blir ikkje berre eit tal i statistikken. Han blir eit menneske lesaren blir nysgjerrige på.

– Det er vanskeleg å planleggja i detalj ei slik bok. Ho blir til undervegs; som ein organisk prosess, seier Roxvall som trivst med denne forma for arbeid. Uventa vendingar som til dømes at krigen blussa opp i Libya, opna opp grensene for dei to svenskane.

Panikk prega Europa i 2015

– Alle me snakka med, frå flyktningar og emigrantar til dei som står bak lovene i EU, kan skriva under på at Europa var prega av ei panikkstemning i og etter 2015. Det resulterte i mange raske og ikkje så vel underbygde avgjersler, som me ser konsekvensane av i dag. Eg trur også at dersom det overordna målet er å ha låge tal på flyktningar og emigrantar som tek seg til Europa, så har EU lukkast; migrasjonsstraumen har ein nedgang på 90 prosent. Spørsmålet er kor lenge dette vil halde, og kva pris me er villige til å betala for det, seier Roxvall.

Folk frå European Union Capacity Building Mission (korta ned til EUCAP Sahel Niger) underviser politi og militære i Niger. Foto: Johan Persson
Folk frå European Union Capacity Building Mission (korta ned til EUCAP Sahel Niger) underviser politi og militære i Niger. Foto: Johan Persson

Politisk sjølvmord

– Det er ingen som trur at ein klarer å unngå innvandring ved å stenga grensene heilt. Dei fleste migrasjonsforskarar meiner det må innførast fleire lovlege vegar, for å minska den irregulære migrasjonen. På den måten vil menneske ha eit reelt alternativ dersom dei må flykta frå heimlandet. Problemet er at det er politisk sjølvmord å føreslå det i dag, seier Roxvall.

I Brussel møtte dei EU-kommissær for migrasjon, Ylva Johansson. Ho vil jobba for fleire lovlege vegar inn i EU, men for at ho skal kunne slå gjennom med det, må ein fyrst stoppa den irregulære migrasjonen. I mellomtida døyr menneske i tusental i forsøket på å få eit tryggare og betre liv.

«Men vi är inte i migrationskris i Europa. Enskilda migranter är i kris, Europa er inte i kris. Men det är et narrativ som har satt sig och det är farligt, för det ledar bara till kortsiktiga lösningar». Ylva Johansson, EU-kommissær for migrasjon.

På spørsmål om kva som har gjort størst inntrykk frå reisa i spora til den europeiske migrasjonspolitikken, svarar journalisten: – At det er eit uhøyrt stort gap mellom dei politiske dokument som blir jobba fram i Brussel til verkelegheita ute i verda. Me har skapt ein slags migrasjonspolitisk sentrifuge utanfor grensene våre: Folk blir sogne inn, kasta rundt og banka opp under forferdelege forhold. Utan at nokon høyrer skrika deira.

Flyktningar og migrantar blir fotografert og registrert når dei blir satt i land i Taranto, Sør-Italia. Redda av norskregistrerte Ocean Viking, båten til Leger uten grenser. Foto: Johan Persson
Flyktningar og migrantar blir fotografert og registrert når dei blir satt i land i Taranto, Sør-Italia. Redda av norskregistrerte Ocean Viking, båten til Leger uten grenser. Foto: Johan Persson

– Gjennom å følgja hovudpersonen vår, Lam, i nesten to år, kan me veldig konkret syna kva konsekvensar EU-politikken har på individnivå. Me kan dokumentera korleis eit europeisk overvakingsfly registrerer gummibåten Lam er i på veg til Malta, korleis koordinatane blir rapportert til den libyske kystvakta og korleis Lam som direkte følgje av dette, hamnar i fengsel og blir tvinga til slavearbeid for den libyske staten, fortel ho.

Tredje boka om konfliktområde

Dei to har blitt eit radarpar på oppdrag i område der journalistar ikkje står i kø.

Myteri Forlag har no gitt ut tre bøker: I 2017 kom boka om kaotiske tilstandar under valet i Burundi i 2015, «När folk väl har børjat döda varandra är det svårt att få dem att sluta». Året etter var tema Vest-Sahara; «Att svika ett folk».

Den siste boka er i desse dagar på veg ut til lesarar over heile Norden. Det er altfor tidleg å seia noko om boka fører til debatt og reaksjonar, men Roxvall er klar på at dei no går inn i ein ny fase. No er det føredrag, artikkelskriving og boksal som står på agendaen ei tid framover. – Me blir ikkje rike av denne type prosjekt, men det er det mest meiningsfulle ein kan jobba med i vår tid, seier ho.

Dei kallar det “reportasje i nytt format”. Reportasjeboka “Till varje pris” er trykt på avispapir. Det gir ei god kjensle av aktualitet, i tillegg til at prosessen taklar så mange fargefotos ein ynskjer utan at det blir for dyrt. Foto: Oddrun Midtbø

Utvidar horisonten

Konklusjonen frå denne lesaren er at dei lukkast med ambisjonane om å vekkja ulike kjensler. Fakta, dokumentasjon, sterke bilete både i form av tekst og foto, gjer at ein les raskt gjennom utan å dvela over at ein les eit anna språk. Sjølv om temaet er alvorleg, deler også dei to raust av humoristiske episodar på eigen kostnad – utan at det bagatelliserer situasjonen for menneske på flukt.

Målet er at boka skal omsetjast til engelsk. Temaet fortener eit langt større publikum enn det nordiske.

Les utdrag frå boka her