Ein familiefar står med ein stor konvolutt i handa. Han skal fornya opphaldsløyvet, Han rekkjer fram konvolutten med sensitive opplysningar, men blir avvist av dei som skal handsama søknadane. UDI har bestemt at alt skal sendast via posten.
Ein familiefar står med ein stor konvolutt i handa. Han skal fornya opphaldsløyvet, Han rekkjer fram konvolutten med sensitive opplysningar, men blir avvist av dei som skal handsama søknadane. UDI har bestemt at alt skal sendast via posten.
Politiet får ikkje lov å ta imot søknaden fysisk, sjølv om kontoret er ope for små grupper i gongen. Det som er problemet for familien på fem, er ikkje at postkontoret ligg langt unna; det ligg i same bygninga. Problemet er at det kostar pengar å senda brev, det tek ofte mange dagar for å nå fram, og verst av alt; av og til forsvinn brev på veg til adressat. I tillegg; UDI er ikkje nådig med dei som ikkje held fristane. Det er dokumentert gjennom avslag i andre konkrete saker.
Eg ringer post i butikk, og svaret er ikkje til å misforstå. – Alle brev går via Oslo.
Det kan vel ikkje vera så vanskeleg å ta imot ein konvolutt direkte, når personen står fysisk på kontoret?
Eg kontaktar politiet, som ber meg senda e-post for å forklara situasjonen. Eg skriv
«Forslag til meir effektiv og sikker service» i emnefeltet. I e-posten skisserer eg problemet, konsekvensane og kjem med forslag til løysing: «Heng opp ei postkasse med lås utanfor politikontoret slik at det er mogeleg å få levert raskt, effektivt og gratis.»
Optimistisk som eg er, reknar eg saka som løyst.
Svaret kjem dagen etter. Det lokale politiet har pliktoppfyllande sjekka rundt for å finna praksisen ved andre stasjonar. Dei er opptekne av at det skal vera likt for alle.
Kva er praksisen på ditt lokale politikontor?
Heng det ei postkasse med lås utanfor kontoret?
Følg med i det som kan bli ein serie som kanskje kan heita «Utvikling av sterkare rettstryggleik i Noreg».
Kontakt: post@norpublica.org
Dei konkluderer med at dei held seg til informasjonen som står på UDI sine nettsider, som fortel at ein normalt må bestilla time hjå politiet tre månader før opphaldsløyvet går ut. «Koronasituasjonen kan gjøre at det er vanskelig å få time hos politiet. Hvis du ikke kan få time hos politiet, kan du i stedet sende søknaden til politiet i posten.»
I nokre tilfelle godtek UDI at søknaden blir sendt elektronisk – gjennom å logga seg inn på ein søknadsportal. Flyktningar er som norske på dette området; ikkje alle er stødige i bruk av data, og når teksten dei møter er slik som utdraget syner, kan det fort bli vanskeleg:
«Du kan ikke kontakte UDI for å få time hos politiet. Hvis du har levert en søknad gjennom Søknadsportalen, kan du følge med i Søknadsportalen til du finner tilgjengelig time for din sakstype. Hvis du får en beskjed om at det ikke er noen ledige timer, eller du ikke ser noen knapp for å bestille time etter at du har åpnet søknaden din, så betyr det at det ikke er noen ledige timer, og at du må prøve igjen senere.»
Eg klikker på lenka til UDI og denne teksten poppar opp:
«Du kan oppleve problemer med å bestille time hos politiet Vi har for tiden tekniske problemer som gjør at du ikke får opp valget for å bestille en oppfølgingstime. Vi jobber med å løse problemet.»
Skal ein berre godta at politiet blir handlingslamma, og at sunn fornuft blir svekka?
UDI har makta og fasiten i denne saka. Eg må sjekka kva UDI meiner om ideen med postkasse utanfor alle politikontor; der tilsette innarbeidar rutine med å tømma postkassa når dei stenger kontoret og går heim for dagen.
…
Rett skal vera rett: Med fare for å mista den gode kontakten eg har med serviceinnstilt, fleksibelt lokalt politi som våger å trassa sentralbyråkratiet og som framleis har emna å bruka fornufta: Dei tok i mot konvolutten frå den eritreiske familiefaren – etter litt kontakt fram og attende mellom meg, tilsette i politiet og regionlensmannen i Sogn.
Effektivt. Trygt. Gratis. Men likt for alle er det nok ikkje.
så vi kan kartlegge søppelbransjen.
Det er et sammensurium av selskaper som håndterer søpla di.
Ingen har hittil har klart å få en oversikt over hvem disse er.
Det vil vi gjøre noe med.