Q-galskapen

Kommentar: Stormen er her. Trur nokre.

«Me vart robba i dag. Er Amerika vekk?». Det skreiv Tito Ortiz på Parler-veggen sin 7. januar.

Etter at demonstrantar hadde storma kongressbygningen i Washington. Etter at Kongressen hadde kome saman igjen, og godkjent valet av Joe Biden som USAs neste president. Etter at Donald Trump til sist, på sett og vis, hadde vedgått nederlaget.

Foto: Tyler Merbler

Ortiz er mest kjend som utøvar av kampsporten MMA, men har ganske nyleg vorte vald inn i bystyret i heimbyen Huntington Beach. Han er varm tilhengar av Donald Trump og ser på seg sjølv som ein konservativ republikanar. Han er også ein konspirasjonsteoretikar som mellom anna meiner at covid-19 er menneskeskapt. Han har stadig vekk omtalt pandemien som ein «plandemi».

Parler er eit sosialt medium som har segla opp på den amerikanske høgresida dei siste månadane, inntil Amazon stengte servarane sine for dei, 11. januar 2021. Det har vore ein stad for Trump-tilhengjarar. Men ikkje minst har det vore ein stad for konspirasjonsteoretikarar å nå ut med sin bodskap. Ta den vidgjetne amerikanske konspirasjonsteoretikar Alex Jones, som er kasta ut av både Facebook og Twitter. På Parler har han kunna nå hundretusenvis av følgjarar. 5. januar var han ein av dei som tala på eit arrangement for innbitte Trump-tilhengarar på Freedom Plaza i Washington D.C.

Tito Ortiz har også nytta Parler til å nå eit stort publikum. Kommentaren hans 7. januar, og videoen han samstundes delte, har fått fleire tusen kommentarar.

Det er dei gode som vinn

Videoen syner intervju med Trump-tilhengarar i Washington D.C. frå dagen Capitol vart storma. Dei kjem frå ulike kantar av landet, med raude MAGA-hattar, med Trump-banner, med amerikanske flagg, med plakatar. Ein mann fortel at han er der for å visa politikarane at folk veit at presidentvalet er stole. Ein annan fortel at han er der for si fem år gamle dotter: «Om me ikkje stoggar det som går føre seg no, så kjem me til å få det vanskeleg.» Ei kvinne fortel at det til slutt vil gå bra, fordi det alltid er dei gode som vinn.

Så kjem eit lite utdrag frå Trump sin tale, talen der han igjen hevda å ha vorte utsett for storskala valfusk, før me ser og høyrer publikum ropa: «Kjemp for Trump! Kjemp for Trump!».

Etter det ser me at nokon heldt opp ein plakat med teksten «Adrenokrom – stogg brotsverk mot menneskeheita». Det er ein referanse til påstandar som står sentralt i dei såkalla QAnon-teoriane sitt konspirasjonsteoretike univers: Påstandar om at born vert haldne som fangar i hemmelege, underjordiske fengsel, der dei vert seksuelt misbrukte av medlemer av den sataniske eliten, og der stoffet adrenokrom dessutan vert hausta frå hjernene deira, og nytta både som rusmiddel og som ein slags vidundermedisin for å halda seg ung og frisk.

Fleire intervju, fleire bilete, taktfaste USA-rop, og så ein mann som seier at «desse folka i styresmaktene, dei er ikkje lenger styresmakter, dei er eit kriminelt kartell». Det er klipt saman med bilete av ein plakat med referanse til «The Storm» – Stormen.

Oppgjeret

«Ingenting kan stogga oss», tvitra Ashli Babbitt (35). Det var 5. januar. «Dei kan forsøka og forsøka, men Stormen er her, og den kjem til D.C. om mindre enn 24 timar».

Stormen – The Storm – er ein sentral idé i QAnon-universet, eit namn på ei slag reinsing, på dagen det endelege oppgjeret skal koma, dagen sanninga endeleg skal koma for ein dag og sentrale demokratiske politikarar og andre skurkar i forteljinga skal arresterast, og stillast til rette, gjerne for militære domstolar. Kanskje vil dei bli avretta for sine grufulle brotsverk. Kanskje sendt i fangenskap i Guantanamo Bay.

Ashli Babbitt trudde Stormen var her.

Det finst mange filmsnuttar frå storminga av Capitol. Ein av dei har media halde seg frå å visa noko vidare av, men han vert spreidd på nett. Filmen syner korleis Babbitt prøver å klatra gjennom eit knust vindauge i ei dør som leier inn til den såkalla Speaker´s Lobby, der kongressmedlemmer hadde teke tilflukt. Ho har på seg eit Make America Great Again-flagg som ei slags kappe.

Eit skot ringer ut. Babbitt fell bakover. Det er openbert at ho er alvorleg såra. Ashli Babbitt døydde seinare av skotskada. På den ytterste høgrekanten i amerikansk politikk har ein del allereie byrja å framstilla henne som ein martyr.

Nettstaden Bellingcat har sett nærare på Twitter-historikken hennar. Skal ein døma etter denne kan ho ha vorte radikalisert inn i QAnon-universet mot slutten av 2019. I november det året refererte ho til Pizzagate – ein slags forløpar til QAnon, der det vart hevda at det fantest ein pedofiliring knytta til det demokratiske partiet og til ein pizzarestaurant i Washington D.C. I februar 2020 byrja ho å nytta seg av hashtags knytt til QAnon, som #WWG1WGA, eller «Where we go one, we go all». Då gav ho også uttrykk for trua på Trump ville vinna valet med eit valskred.

Som så mange andre, både blant Trump-tilhengjarar og blant QAnon-fans, meinte ho at det var valfusk som låg bak når Biden vann valet.

Q-galskapen

Tre andre demontrantar mista livet i samband med storminga Capitol. Benjamin Phillips (50) frå Pennsylvania, Kevin Greeson (55) frå Alabama og Rosanne Boyland (34).

Greeson ser ut til ha sympatisert med ytre høgre-gruppa Proud Boys. Philips var grunnleggjar av eit alternativt sosialt media for Trump-tilhengjarar, Trumparoo. Og Boyland – som antakeleg vart trakka ihel i folkemengda – var, til liks med Babbitt, QAnon-tilhengjarar. Søstra hennar, Lonna Cave, har fortalt media korleis Boyland vart meir og meir oppteken av konspirasjonsteoriar, og korleis det førte til kranglar mellom dei.

– Rosanne glødde for ideane sine, slik eg er viss på at mange av dei som var tilstades under hendinga i går gjorde, sa Rosanne sin svoger, Justin Cave til pressa. – Mi personlege oppfatting er at orda og retorikken til presidenten starta opptøyer i går, som drepte fire av hans største tilhengarar. Eg meiner at me burde ta i bruk det 25. grunnlovstillegget.

Fall of the Cabal

Det var ikkje berre QAnon-truande som tok del i demonstrasjonen som førte fram til at Capitol vart storma. Der var også andre Trump-tilhengjarar.

Og der var høgreradikale på jakt etter bråk. Alt nemnde Proud Boys, ei ytre høgre-gruppe som er kjend for å yppa til slagsmål med motdemonstrantar var der, utstyrt med oransje hovudplagg. Militsgrupper som Three Percenters og Oath Keepers var der også. Alt-right-symbolikk som frosken Pepe og det såkalla Kekistan-flagget (som kan minna om eit naziflagg) var også å sjå.

– Det var som ein Trump-rally, som ein vanleg Trump-rally, seier CNN-journalisten Elle Reeve, som var tilstades, i eit nyleg intervju med podcasten QAnon Anonymous.

Men ho legg til at nærværet av Q var mykje større enn ho har sett før, at det var fleire gensarar og t-skjorter og plakatar med Q-motiv. At ho spurte om folk hadde sett nettserien Fall of the Cabal. At dei svara at dei hadde det.

Fall of the Cabal er eit døme på at QAnon er eit internasjonalt fenomen. Denne serien av filmar, som lenge var å finna på YouTube, er laga av den nederlandske konspirasjonsteoretikaren Janet Ossebaard. Ho har tidlegare har vore kjend som «ekspert» på kornsirklar, og som chemtrails-konspirasjonsteoretikar.

Nettserien har hatt eit betydeleg publikum. Han har vore ein motor i radikaliseringsprosessar. Mange har gjort som Ossebaard oppfordrar til i innleiinga: Blitt med henne på ei reise ned i kaninholet.

I episode to vert me presentert for Q, ei påstått kjelde innad i Trump-administrasjonen, ei kjelde som etterlet seg kryptiske meldingar som gjerne vert omtalt som «drops» (dråpar) eller «crumbs» (smular), fyrst på 4chan, og deretter på 8chan. Desse meldingane vert deretter tolka til å omhandla ein hemmeleg krig mellom Trump og djupstaten.

I Fall of the Cabal vert det oppsummert slik: «Q-smulane framstiller ei betre verd, utan krigar, forræderi og korrupsjon, ei verd etter Den Store Oppvåkninga.» Og slik: «[Vanlege menneske som oss] er uvitande om at det vert utkjempa eit slag om verdsdominans over hovuda på oss, eit slag mellom godt og vondt. Det er dette Q påpeiker for oss, men me Anons må gjera researchen, og det gjer me, som ein hær av digitale autistar set me strekar mellom punkta.»

Denne «researchen» gjer at QAnon-universet inkluderer eit mylder av ulike konspirasjonsteoriar, John McCain vert til dømes skulda for å ha vore leiar for IS, og for å ha vorte avretta for høgforræderi: «Trudde du verkeleg at han døydde av kreft?» Men kva er det sentrale? For det fyrste: Berre tre amerikanske presidentar vert påstått å stå opp mot dei mektige globale elitane som styrer i det skjulte, mot Illuminati. Kven er dei tre? Abraham Lincoln, John F. Kennedy og Donald Trump. For det andre: Anklager om omfattande overgrep mot born er ein gjennomgangstone.

Og snart, snart skal alt avslørast. Kanskje av John F. Kennedy jr., som døydde i ei flyulukke i 1991, men som ifølgje Fall of the Cabal framleis er i live. Alt saman følgjer Planen.

Trust the plan, stod det på gensaren til ein av demonstrantane som tok seg inn i kongressbygningen i Washington, mannen som leia flokken som jagde etter politimannen Eugene Goodman, då han lukkast i å bruka seg sjølv som agn for å unngå at mobben skulle nå fram til senatorane.

Ikkje morosamt

På eit meme som har spreidd seg blant dei såkalla QAnons ser ein Capitol mot ein nattehimmel full av lynnedslag. Over biletet står det skrive: «It´s going to be Biblical». Det skal ha bibelske proporsjonar.

Det heile kan tena som ei påminning om at konspirasjonsteoriar ikkje er vidare morosame. At dei har konsekvensar. At dei kan vera farlege.

Storminga av kongressbygningen har ein indre logikk. Den vart gjennomført av menneske som i fullt alvor trur og meiner at Biden vann presidentvalet grunna ein svindel, og at denne svindelen vart gjennomført av mørke, destruktive og vondskapsfulle krefter. Ein del av dei trur på eit konspirasjonsteoretisk univers der Q har røpa ein pågåande krig mellom det Gode og det Vonde.

Og QAnon er ikkje berre ei amerikansk sjuke. Det er ein pandemi, som har gjort seg gjeldande i Tyskland, i Frankrike, i Nederland; ofte ridande på ryggen til konspirasjonsteoriar om koronaviruset.

Og i Noreg? På ei norsk Facebook-gruppe som forfekter Q-ideane les eg: «Vekk folket. Denne krigen er vår. Alle må våkne. Fremtiden blir aldri helt den samme».