I fjor opplevde rundt 200 journalistar i Frankrike vald og trugslar frå politiet. No vil franske styresmakter gjere det ulovleg å fotografera og filma politiet i aksjon i det offentleg rom.
I fjor opplevde rundt 200 journalistar i Frankrike vald og trugslar frå politiet. No vil franske styresmakter gjere det ulovleg å fotografera og filma politiet i aksjon i det offentleg rom.
I årsrapporten til Europarådet «Safety of Journalists platform» hamnar Frankrike saman med land som ikkje har respekt for pressefridom eller ytringsfridom, som Tyrkia, Russland, Albania, Ungarn, Serbia og Polen.
– I staden for å gjera noko med dette problemet, vel nasjonalforsamlinga i Frankrike å stramma inn endå meir for det frie journalistiske arbeidet gjennom den «Global Security»-lova. Dei franske styresmaktene gir inntrykk av å vilja dekka over det ved å forby journalistar å fotografera eller filma politiet i aksjon i det offentlege rom, seier Ricardo Gutiérrez, generalsekretær for EFJ.
Journalistorganisasjonane og deira samarbeidspartnarar i Frankrike meiner denne lova er i strid med internasjonale rettslege standardar når det gjeld ytringsfridom og vil hindra rettane til journalisten og pressefridom. Konkret vil denne lova gjera det mogleg å arrestera journalistar som filmar live eller fotograferer ein politioperasjon, plassera han i politiet si varetekt og sende han til ein domstol etter å ha kverrsett det profesjonelle utstyret til journalisten. Denne lova tek også sikte på å hindra avsløring av tilfelle av ulovleg politivald, som ofte er skjult av hierarkiet til dei aktuelle tenestemennene.
Journalistorganisasjonane på europeisk og internasjonalt nivå (EFJ/IFJ) fordømmer desse angrepa på presse- og ytringsfridomen. Dei oppmodar journalistar og forsvararar av demokratiet, til å arrangera og delta på «fridomsmarsjar» over heile Frankrike fyrstkomande laurdag; 28. november.
Liker du Ukas tall?
Behandlingen Wikileaks-grunnleggeren Julian Assange har fått gjennom de siste 10 år er ikke demokratier verdig.
Blir han dømt, kan det få store følger for kildevernet og presse- og ytringsfriheten.
Det ønsker vi å gjøre noe med, men da trenger vi din hjelp.