Foto: August 2020

Prosjekt August 2020

Dokumenterer vald i Kviterussland.

– Verda må få vite om den brutale politivalden som råkar fredelege demonstrantar og tilfeldige i gatene i Kviterussland, seier redaktør for nettsida August 2020, Alexandra Livergant.

Journalistar, frivillige og IT-arbeidarar samarbeider for å dokumentere dei mange 100 angrepa som har funne stad sidan presidentvalet i august 2020.

I samarbeid med kviterussiske og internasjonale menneskerettsadvokatar og med løyve frå ofra, samlar og publiserer dei prov på tortur og umenneskeleg behandling av unge og gamle. Nokre av ofra var i gatene for å delta i fredelege markeringar, andre på veg til butikken, på tur med hunden eller på veg heim frå jobb. Valden råka brått og heilt tilfeldig.

«Not a single victim shall “get lost”»

– Ikkje eit einaste offer skal forsvinne. Vårt mål er å sikre at heile verda får vite om kriminaliteten som pågår mot menneskeheita. Det skjer i hjarta av Europa i 2020. Me håper også at materialet vårt skal bli nyttig i det nye Kviterussland, skriv prosjektleiar Alexandra Livergant i ein mail til Norpublica. – Dess meir folk veit om kva som skjer i Kviterussland, dess større sjanse for at dette ikkje skal skje på nytt i vårt land eller i andre land i Europa.

Journalist Kira Karlovich (31) var ikkje interessert i politikk før 2020. Ho vil alltid ha synlege arr og skader etter at ei gummikule knuste kragebeinet under ein fredeleg demonstrasjon.

Kira Karlovich
Kira Karlovich vil alltid ha synlege arr etter valden ho opplevde på ein fredeleg demonstrasjon. Foto: August 2020

«I believe that no revolution is worth all this bloodshed. But I do not regret that I was protesting that day. We are doing important work.» skriv ho i ein luftpost til Norpublica.

Les meir om prosjektet August 2020. Nettsida er på engelsk og russisk.