I fengsel for å gjera jobben sin

Fram til i dag i 2020 har frie og uavhengige journalistar i Kviterussland vore fengsla i 900 dagar. For to dagar sidan tok dei PC´n frå ein av dei mest bøtelagte journalistane i landet.

For ei veke sidan vart 31 år gamle kunstnaren Raman Bandarenka drepen under markeringa av 100 dagar med uro etter presidentvalet 9. august.

Nokre dagar etter drapet møtte tusenvis av menneske for å minnast den unge kunstnaren, på «Square of Change» som er det nye namnet plassen har fått på folkemunne. Politiet arresterte journalister som dekka protestane i hovudstaden Minsk og fleire andre byar i Kviterussland. Journalistforbundet veit om 23 arrestasjonar av journalistar denne dagen.  

Trakassering i yrkes- og privatlivet  

Larysa Shchyrakova opplever stadig trakassering frå styresmaktene for å gjera jobben sin som journalist. Sidan 2016 har ho møtt rundt 40 gonger i rettsalen og fått 38 bøter. Fleire gonger har rettsmøtet blitt lagt til bursdagen hennar, som ei ekstra og utspekulert påkjenning. – Eg trur ikkje dei 

Det gamle kviterussiske flagget er med overalt. Ferieturen til Larysa Shchyrakova fekk ein negativ slutt då ho kom heim til Kviterussland. (Foto: Privat)

kontrollerer meg så sterkt lenger, ettersom dei har så mykje anna å gjere i landet for tida, seier ho og tenkjer på alle demonstrasjonane som har vore sidan president Aleksandr Lukasjenko utnemnde seg som vinnar av valet.

Men ho opplever stadig vekk trakassering. Sist for to dagar sidan, 17. november 2020, då ho kom heim frå ferietur med sonen i Egypt. Då tok passkontrollen PC´n frå ho. Det er usikkert om og når ho ser att det viktigaste verktøyet ein journalist har. 

Lista inkluderer hendingar som den kviterussiske journalistforeninga (BAJ) ser på som brot på rettane til journalistar, utført av representanter for styresmaktene. 

https://baj.by/en/analytics/repressions-against-journalists-belarus-2020-chart