Skogen lyt stella seg sjølv i naturreservatet.

Kortreiste fotturar i sommar

Norgesferie tyder for mange turar og utflukter i nærmiljøet denne sommaren. Dei fleste har område nær seg med skog, snaufjell eller berre utmark med eller utan opparbeidde turstiar.

I mitt nærområde i Sveio kommune, midt mellom Stord og Haugesund og like i midten mellom Bergen og Stavanger, er det rikt høve til så vel toppturar som roleg vandring i slakt og ope kystlandskap.

Toppane er ikkje så høge, mellom 200 og 400 meter over havet, men fleire av toppane har vore særs godt besøkte denne våren og sommaren. Dei oppmerka turløypene verkar litt meir gjømerte og slitne enn tidlegare. Men samtidig blir leia særs tydeleg, slik at ingen kan ta feil av ruta mot toppen.

Her finst også urørd villmark kor ein kan la hjorten visa veg mot toppen.