Tidleg på 1900-talet var dette sjukdomen folk frykta mest av alt, og som er bakgrunnen for vekas tal.

Tuberkulose var ein folkesjukdom i Noreg fram til slutten av 1940-åra. Rundt 1900 toppa Noreg den europeiske statistikken over flest sjukedomstilfelle. Årleg døydde rundt 7000 menneske av tuberkulose. Den gongen var me rundt 2 millionar innbyggjarar.

Særleg ungdomar vart hardt råka. Omtrent kvart femte dødsfall i Noreg skuldast denne sjukdomen, og rundt 60 prosent av dei døde var under 30 år.

Framleis er tuberkulosen den infeksjonssjukdomen som tek flest liv i verda. 

Sjukdomen kan angripa alle organ, men den vanlegaste, og i praksis den einaste smittsame forma, er lungetuberkulose.

Les meir om denne frykta sjukdomen i saka om Harastølen.