Une Aina Bastholm i MDG er ei av 212 norske kvinner med namnet Une. Dei deler namnet med 17 menn i Noreg. Une er eit norrønt, tvikjønna namn. foto: Ole Christian Klamas

Une: Jente- eller gutenamn?

Er namnet ditt tvikjønna? Spalta «Ukas tal» gjev deg svar.

Statistikk kan synleggjere viktige forhold i samfunnet, men også brukast til underhaldning. I vår spalte «Ukas tall» vil vi gjere begge deler. Denne uka løftar vi fram artige fakta:

  • I Noreg i dag blir 7.491 namn brukt av begge kjønn. Nokre er tvikjønna (unisex) – slik som Une. Andre blir brukt omvendt i andre land – til dømes er Kari mannsnamn i Finland. Les meir i Same namn for jenter og gutar?
  • Dei fleste unisex-namna er svært ujamnt fordelt der mindretalet er nesten null prosent, men det er ni unisex-namn der mindretalet utgjer meir enn ein prosent, sjå grafen under. Andrea og Iben er to typiske kvinnenamn som òg blir brukt av menn, og det er sju typsike mannsnamn der ein forholdsvis stor andel av dei som ber det er kvinner.
  • Fyrste gong ein gut fekk namnet Une var i 1889.
  • Frå 2010 er det berre fire gutar som har fått namnet Une, mot 28 jenter.

Her finn du oversikten over alle unisex-namna som brukast av fleire enn fire.

Vil du vite meir om tvikjønna namn, les artikkelen til namnforskar Ivar Utne, «Same namn for jenter og gutar?»

 

Liker du Ukas tall?

Støtter du oss frigir du tiden til våre gravejournalister, sånn at vi kan lage enda mer undersøkende og vesentlig journalistikk om det du bryr deg om.

 

Vil din bedrift
eller organisasjon
støtte oss?