Trommeler med tynnere aluminiumtråd klar for den store maskinen som tvinner sammen mange tråder til en større kabel. Foto: Thomas Førde

meninger

Tolmodig strev etter info

Kor stort tolmod og romsleg med tid skal ein journalist setja av for å kunne gjennomføra relativt enkle journalistiske prosjekt? Det spørsmålet stilte Thomas Førde seg.

Veksande info-avdelingar, men svekka info-flyt.

I arbeidet med denne reportasjen, som sto på trykk i Teknisk Ukeblad i april i år, slo det meg kor stort tolmod og kor romsleg med tid ein journalist ofte må setja av for å kunne gjennomføra relativt enkle journalistiske prosjekt. Eg ville henta inn kommentarar frå ulike føretak som kjøper inn høgspentkabel om deira innkjøpspolitikk og i kva grad dei då prioriterer klimaomsyn. Eg hadde kontakt med fleire organisasjonar og føretak enn dei som blei siterte i endeleg utgåve på trykk.

Faksimlie frå Teknisk Ukeblad 4/20 - Gjenngitt etter avtale.
Faksimlie frå Teknisk Ukeblad 4/20 – Gjenngitt etter avtale.

Ettersom både offentlege og private føretak og organisasjonar har auka talet på medarbeidarar i sine kommunikasjonsavdelingar, skulle ein utan vidare tru at det blei enklare og mindre tidkrevjande å få svar på velgrunna spørsmål. Men tendensen ser ut til å vera motsett.
Det kan ha samanheng med at store kommunikasjonsavdelingar ikkje lenger prioriterer å leggja til rette for god informasjonsflyt til allmenne, uavhengige og redaktørstyrte publikasjonar. Første prioritet ser ut til å vera eigne publikasjonar i form av nettsider og sosiale media. Der kan organisasjonar og føretak styra og forma bodskapen sjølv.
Ei problematisk utvikling er dette og burde uroa alle som vil delta i den opplyste samtalen om samfunnet si utvikling. Ønskjer me at viktige vedtaksprosessar skal vera best mogeleg gjennomsiktige og gi tid og rom for demokratisk påverknad, må den uavhengige pressa sikrast god informasjonstilgang.