10.-11. mai vart fire journalistar fengsla og bøtelagt for å gjera jobben sin. Det europeiske journalistmiljøet reagerer sterkt og krev at dei blir sleppt fri.
10.-11. mai vart fire journalistar fengsla og bøtelagt for å gjera jobben sin. Det europeiske journalistmiljøet reagerer sterkt og krev at dei blir sleppt fri.
Kviterussland er kjent for å ha liten respekt for menneskerettar og pressefridom. Landet ligg på 153. plass av 180 land på Press Index.
Indeksen rangerer 180 land og regionar med tanke på nivået av fridom tilgjengeleg for journalistar. Det gjev eit innblikk av media sin fridom basert på ei evaluering av pluralisme, medias uavhengigheit, kvaliteten på lovverket og tryggleiken til journalistane i kvart land og region.
President Alexander Lukasjenko har styrt landet med hard hand sidan 1994. Han er kjent som Europas siste diktator og for systematisk undertrykking av all politisk opposisjon. 9. august 2020 stiller Lukasjenko på nytt som presidentkandidat. For sjette gong. For i det heile å kunne stilla som presidentkandidat må ein ha 100 000 godkjende underskrifter. Det er ingen transparent prosess, og kan lett manipulerast. I tillegg gjer restriksjonar i samband med korona, det vanskelegare for eventuelle motkandidatar å treffa folk og samla underskrifter.
Det blir hevda at valet i Kviterussland er så manipulert på så mange nivå, at noko anna resultat enn valsiger til Lukasjenko, er umogleg. Så langt har Kviterussland med Lukasjenko som president aldri gjennomført eit demokratisk val, godkjent av internasjonale observatørar.
Situasjonen har lenge vore vanskeleg for journalistar som ikkje er tilknytta statlege medier.
Den kviterussiske staten kan ikkje kontrollera utanlandsk media, slik dei gjer med nasjonal media. Difor forsøker dei å kontrollera kven som leverer materiell til utanlandsk media. Gjennom eit tillegg i lova er det dei som arbeider for eit mediehus eller har akkredittering frå staten som kan kalla seg journalistar. Ein frilansjournalist som leverer materiell til til dømes den uavhengige TV-kanalen Belsat, som sender frå Polen, får ikkje akkredittering og kan difor lett bli skulda for «ulovleg produksjon av journalistikk».
Situasjonen stramma seg skikkeleg til då populær bloggar, Syarhei Tsikhanouski, annonserte at han ville stille som kandidat til presidentvalet.
6. mai vart bloggaren stoppa av trafikkpolitiet og fengsla – utan at årsaka er gjort kjent. Det fekk folk ut på gatenei demonstrasjon, og uredde, uavhengige journalistar ut på jobb. Både demonstrantar og journalistar vart fengsla; deriblant dei fire som no er blitt dømde til fengsel i 10 dagar.
Den svenske frilansjournalisten Åsa Ohlsson, har over fleire år stått i bresjen for sterk solidaritet med kollegaer i Kviterussland.
– Eg er overtydd om at dette berre er starten på maktdemonstrasjonen frå Lukasjenko framfor valet, seier ho til Norpublica. Den 7. april stod Larysa Shschyrakova for retten; for 31. gong. For andre gong måtte ho møta i rettsalen på sin eigen bursdag; noko som har ført til at ho freidig har gjort rettslokalet til stad for bursdagsfeiring; der folk støttar ho ved å møta opp med blomster, kake og gåver.
Direktøren i det europeiske journalistforbundet, European Federation of Journalists (EFJ), Renate Schroeder, fordømmer i sterke ordelag i denne artikkelen det som no skjer i Kviterussland. EFJ krev at dei fire journalistane blir sleppt ut av fengsel.
“This new wave of attacks and imprisonment of freelance journalists in Belarus for doing their job is not only a shameless intimidation against all journalists, it leaves indeed great doubts about the judicial system in Belarus and this even more in times of #Covid-19 when court rooms are not open to the public” said Renate Schroeder, EFJ Director. “We also condemn the high fines of up to 500 Euros for the freelance journalists”.
Kjelder: Reporters Without Borders
Bindingar: Oddrun Midtbø har delt leiaransvar i frilansekspertgruppa i det europeiske journalistforbundet – EFJ FREG.
Behandlingen Wikileaks-grunnleggeren Julian Assange har fått gjennom de siste 10 år er ikke demokratier verdig.
Blir han dømt, kan det få store følger for kildevernet og presse- og ytringsfriheten.
Det ønsker vi å gjøre noe med, men da trenger vi din hjelp.