meninger

Rettstryggleiken er truga

Det er alvorleg for demokratiet, rettsstaten og journalistikken at det blir stadig færre journalistar tilstades i domstolane.

Leiar av mediemangfaldsutvalet Knut Olav Åmås, leverte NOU-meldinga ”Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne.” til kulturminister Linda Hofstad Helleland i mars i år. Åmås meiner det er demokratipolitikk å styrke den kritiske og balanserte journalistikken og å sikre mediemangfaldet.

– Eg vil takke Mediemangfaldsutvalet for den grundige jobben dei har gjort, sa kulturministeren. Takken presenterte ho i statsbudsjettet førre veke: kutt på 25,7 millionar kroner i pressestøtta.

Kutt i journalistikken

NJ-leiar Hege Iren Frantzen, var raskt på bana, kritiserte det dramatiske kuttet og fortalde at politikarar og dommarar i rettsvesenet registrerer stadig færre journalistar til stades. Det er alvorleg for demokratiet, rettsstaten og journalistikken. Sviktande finansiering gjer at det blir vanskelegare for journalistane å gjere jobben sin. Det er eit problem for heile samfunnet, meiner ho. Dei fleste kan vere samde i det resonnementet.

Kutt i domstolane

På Domstolsadministrasjonen si Facebookside kan me lese at regjeringa også for neste år kuttar driftsbudsjettet gjennom såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreformen (ABE)”. ”Domstolene er ikke en del av byråkratiet”, seier Domstolsadministrasjonens direktør Sven Marius Urke, utan at det ser ut til å hjelpe så mykje.

Regjeringa gir med den eine handa og tek med den andre; aukar driftsbudsjettet med 16 millionar kroner og kuttar 12,2 millionar i nedskjeringar knytta til ABE-reforma. Dette fører mellom anna til ventetider på halvanna år i Borgarting lagmannsrett, kan ein lese på domstol.no.

Situasjonen i dei norske domstolane er heller ikkje mykje å skryte av når det gjeld registrering av det som blir sagt. Forklaringane til partnar og vitne blir ikkje sikra gjennom rettsreferat eller opptak i norske domstolar. Blant dei landa me oftast samanliknar oss med, er Noreg det einaste landet utan noko sikker dokumentasjon av forklaringar frå straffesaker.

Måndag 10. oktober 2016 var difor ein merkedag i norsk rettshistorie. Då starta utprøvinga for lyd- og bildeopptak av parts- og vitneforklaringar i domstolane i Tromsø. Utprøvingsperioden skal etter planen avsluttast mot slutten av 2017, og ein rapport skal skildre kva som skal til for å sikre opptak i dei 400 rettssalane i landet vårt.

Rettstryggleiken er truga

Med dette bakteppet er det endå viktigare at fri og uavhengig presse er til stades. Men er dei til stades der dei burde vere? Her er eit døme:

Oslo Tingrett er staden for menneskelagnadar og store kontrastar. Dagleg. Denne dagen, ein fin aprildag i 2017, er det tydlegare enn andre dagar. I ein av rettssalane er eg den einaste tilhøyraren på publikumsbenken. Ikkje i rolla som journalist, men som tidlegare fullmektig på dugnad for ein eritreiske ungdom som har fått avslag hjå UDI og UNE. Ein ung advokatfullmektig fører saka hans mot Staten. Pro bono. Eg er nysgjerrig på korleis det norske rettssystemet behandlar ungdomen.

Media jagar purk eller skurk i flokk

I resepsjonen på Oslo tingrett får eg eit velmeinande råd frå vakta. – Ta den inste heisen opp i andre etasje så slepp du innom alle tryggleikskontrollen til den andre rettssaka, seier han. Eg gjer som eg blir råda til, og forstår raskt kvifor. Eg ser hovudpersonen i gangen. Den andre rettsaka er tidenes rettssak: Eirik Jensen, sjølvaste purk eller skurk, som heile Noreg er opptekne av og som journalistane jaktar i flokk etter. Fem månader er satt av til dette sirkuset; 122 vitne og over 6000 dokumentsider. Eg forstår Jensen-saka vekkjer interesse. Ho er svært spesiell i norsk samanheng. Men det er som om alt anna er uvesentleg.

Kvifor syner ikkje media interesse for det som skjer i rommet ved sidan av? Kampen mellom dei absolutt svakaste i samfunnet vårt; dei papirlause, mot den mektigaste; staten? – Det er så mange slike saker, blir eg fortalt, men det er ikkje godt nok argument for at media ikkje skal bruke tid og ressursar på dei mange problemstillingane ein kan finne i dette samfunnsfeltet.

Journalistar klumpar seg saman – i ein rettssal

Er det fakta at det er færre journalistar som bruker tid i rettssalane? Det er fredag ettermiddag, mange har haustferie og avdelingsdirektør i Domstolsadministrasjonen, Erling Moe, svarar ikkje på telefonen.. Kvinna i resepsjonen svarar: – Han plar vere rask å svare på sms. Og ho har rett. Par minuttar etter tikkar svaret på spørsmålet mitt inn. ”Det er ingen empiri, bare et inntrykk, som jeg tror stemmer,” skriv Moe.

Det stemmer ikkje denne dagen i Oslo tingrett i april: Dei mange journalistane og fotografane klumpar seg rundt ein mann. Ingen såg ungdomen som delte toalett og korridor med Eirik Jensen. Han er det ingen som skriv om.

Korleis gjekk det med han? Trass i eritreisk pass, tre vitne som kunne fortelje om ein person med foreldre og oppvekst i Eritrea, vart han ikkje trudd av dommaren. Kvifor ikkje? Hadde han snakka usant? Eller legg norske dommarar meir vekt på regjeringsadvokaten enn unge og urøynde advokatfullmektigar?

Det svaret får ikkje det norske folk, ettersom det ikkje var uhilda journalistar i salen.

Alle i Noreg kjenner Jensen sin dom. Han hamna innafor. Den saka skal ta tida til mange journalistar også i framtida; på alle plattformer.

Artikkelen vart fyrste gong publisert i Dag og Tid 25.10.2017

Rettstryggleiken er truga