Kim og Jo er to fornamn som i Noreg har blitt godtatt for barn av begge kjønn i lengre tid. Stadig fleire fornamn er no meir eller mindre kjønnsnøytrale. foto Jo Nesbø: Elena Torre – foto Kim Friele: Jarle Vines.

Same namn for jenter og gutar?

Typiske kvinnelege og mannlege namn blir mindre og mindre sjølvsagde, sjølv om tradisjonelle skilje mest truleg vil vera hovudreglen lenge enno.

I Noreg har vi tradisjon for at jenter og gutar stort sett ikkje har like fornamn. Og etternamn som endar på -dotter/-datter blir brukte for jenter/kvinner og ikkje for gutar/menn, mens etternamn som endar på -son og -sønn kan bli brukte for begge kjønn når namna går vidare til nye generasjonar.

Dette kan stå i motstrid til samfunnstrendar – både internasjonalt og her heime – om å bevege seg bort frå uttrykk for kjønnsforskjellar. Det gjeld blant anna titlar og ofte klede. Og ein innfører mange plassar felles toalett i offentlege bygg. For offentlege tilsettingar blir no blant anna kjønnsopplysningar fjerna frå søknader når dei skal vurderast. Språkleg ser vi det i pronomenet hen.

Slike endringar følgjer av likestilling og tiltak for å gjera livet lettare for dei som skiftar eller har uklar kjønnsidentitet. Typiske kvinnelege og mannlege namn blir mindre og mindre sjølvsagde, sjølv om tradisjonelle skilje mest truleg vil vera hovudreglen lenge enno.

Endringar globalt

Vi blir meir og meir del av ei globalisert verd, både gjennom media, reiser og migrasjon. Med ei utvikling i fleire land der fornamn i mange tilfelle ikkje er knytte til eitt kjønn, vil meir liberale haldningar til namn og kjønn nokså sannsynleg også endre seg i Noreg. Det vil seia at det etter kvart i mindre grad kan bli opplevd som upassande å ha namn som tradisjonelt høyrer til motsett kjønn. Dessutan vil det vera vanskeleg å halde oppe eit skilje som ikkje gjeld i land vi har mykje kontakt med eller har innflyttarar frå.

I Noreg har det vore oppmjuking i det offentlege kravet om kjønnsbestemte fornamn gjennom det meste av 1900-talet. Ein har i aukande omfang godteke namn som er innarbeidde for motsett kjønn i land som vi har hatt mykje kontakt med. Ofte har det vore engelske namn med y- eller ie-ending, som Tonny, Benny, Andy, Karly og Charlie, og kortformer, som Kim, Alex, Chris og Jo. Med nyare innvandring frå seint på 1900-talet omfattar det no mange namn frå fleire språk. Også lite kjende norske dialektformer har møtt motstand og blitt godtekne, som Jøran (av Jorunn) for jenter. I mange tilfelle måtte barn fram til seint på 1900-talet få eit kjent kjønnsbestemt namn i tillegg dersom dei skulle ha eit namn som ikkje var godt kjent for kjønnet til barnet.

Ei ganske ny utvikling, og særleg på 2000-talet, er at det kjem i bruk nylaga namn som det ikkje er opplagt kva kjønn dei er knytte til. Håp, Liverpool og Duve er alle litt i bruk for jenter. Paris, Pil og Winter finst for begge kjønn i Noreg (Vinter med enkelt-v finst førebels berre for gutar). Vilje kom i bruk for begge kjønn omtrent på same tid. Lykke kom i bruk som jentenamn sjølv om det var gutenamn for eit par hundre år sidan. Ofte har slike namn blitt godkjende for begge kjønn fordi tidlegare bruk ikkje har vore kjend, eller fordi bruken for aktuelt kjønn er kjent frå andre land. Nokre namn har blitt stoppa fordi dei berre hadde vore i bruk for det motsette kjønnet.

Meir er lovleg

Sidan ny namnelov frå 2003 har ein godteke namn slik dei er brukte for eitt eller begge kjønna kor som helst i verda, rett nok med krav om ein minstebruk («tradisjon»). Kravet om kjent namn i tillegg har falle bort. Med desse endringane har globaliseringa blitt eit viktig grunnlag for bruk av kjønnsnøytrale namn i Noreg.

Frå seint på 1990-talet har det blitt mogleg å skifte namn til motsett kjønn i spesielle tilfelle, først ved kjønnsoperasjon. Frå 2003 blei namneskifte dessutan mogleg for dei som identifiserer seg som anna enn det som namnet uttrykkjer (transgender kjønnsidentitet), anten ikkje klart mann eller kvinne, eller sterkast identitet for det motsette kjønnet.

I fleire land ser vi at skiljet slår meir sprekker enn det ovanfor, slik at vanlege kjønnsbestemte fornamn blir brukte for motsett kjønn, men òg at nye eller lite brukte namn kjem i bruk for begge kjønn.

  • I USA har alt dette vore utbreidd sidan midt på 1900-talet, og det har ikkje vore lovregulert der. Først var det mest namn med ie-endingar, dernest opphavlege etternamn, så opphavlege kjønnsbestemte namn og nylagingar.
  • I Sverige blei kravet om eit skilje oppheva både for vaksne og barn med ny lov frå 1. juli 2017. Det var etter at vaksne gjennom fleire domsavgjerder hadde fått skifte til tradisjonelle kjønnsbestemte namn frå motsett kjønn.
  • På Island blei kravet om skilje oppheva med lovendring i juni 2019.
  • I Nederland kan ein få fornamn brukt for motsett kjønn, men typiske namn for det andre kjønnet kan bli avvist.
  • I Danmark kan ein med ny lov frå 2006 få namn frå motsett kjønn som mellomnamn (mellomnamn er normalt namn som elles er etternamn, altså ikkje som andre fornamn). Det er utviding av ei gammal sterkt avgrensa ordning.
  • Dessutan er skiljet i større eller mindre omfang vekke i mange land i Afrika og Asia, ofte for namn laga av ord og uttrykksmåtar i språket.

Namn til bry?

I Noreg er krav om kjønnsbestemte fornamn ikkje direkte uttrykt i namnelova, og har heller ikkje vore det før. Det er rekna under reglar for «vesentlig ulempe» og «sterke grunner». Vesentleg ulempe vil blant anna seia at det er lite bra å ha namn frå motsett kjønn (mobbing, bli gjort til latter, forveksling). Sterke grunnar inneber omsyn til samfunnet. Det gjeld helst praktiske omsyn.

Sidan krav om kjønnsbestemte namn ikkje står direkte i lova, kan det lettare gjerast om etter som samfunnet er i endring. Ein veg å gå kan vera å begynne i det små med at namn som er litt brukt for eitt av kjønna, og som er lite kjende, kan bli tekne i bruk for det andre kjønnet. Slik bruk kan ein rekne med ikkje fører til vesentleg ulempe, eller at det er særleg upraktisk elles. Korleis ein eventuelt skal utvide omfanget, bør ein sjå i samanheng med haldningar om kjønnsskilje på ulike sektorar i samfunnet, og òg til namn.

Det er klart at den gjeldande praktiseringa for kjønnsbestemte namn set grenser også for små endringar. Det kan gjerast med endra praksis for klagesaker hos fylkesmenn eller med rundskriv frå Justisdepartementet. Oppmjukingar for namn og kjønn i tidlegare lover har vore gjennomførte med rundskriv. Ei omfattande oppheving vil kan hende krevje høyringsrunde der ulike samfunnsaktørar uttaler seg. Det er òg mogleg å fremja ei endring i lova som gjer ei slik endring tydeleg og kan hende fullstendig. Mest truleg er full oppheving av skiljet for radikalt i det næraste tiåret.

Etternamn med dotter-ending

Frå 2003 kan gutar få etternamn sette saman av fornamnet til mor eller far pluss endingar som -son og -sønn. Jenter kan få det same med endingar som -dotter og -datter. Frå 1923 hadde dei berre kunna få slike namn som mellomnamn, men før det kunne dei òg vera etternamn, slik som no.

Etternamn elles går vidare i same form til neste generasjon, slik bl.a. sen-namna blei til faste etternamn. Det same vil òg kunne vera aktuelt frå 2003 for namn med både son- og dotter-endingar. Slike namn blir frå 2003 kalla parentonym, som vil seia etternamn etter foreldra. Ved lovendringa tenkte Justisdepartementet seg desse parentonyma som personlege etternamn som ikkje skal gå vidare til verken ny generasjon, ektefellar eller sambuarar. Ein grunn til det er at det er uvanleg med dotter- og datter-endingar for gutar. Det bryt med namnetradisjonen og blir rekna som ei vesentleg ulempe for berarane, slik som når både Emilie Hegesdotter og Emil Hegesdotter har Hege frå mormor. Namnetradisjonen med -son og -sønn vidare i same form til neste generasjon bryt derimot ikkje med kjende mønster, og blir derfor godteken.

Ulike reglar for vidareføring av dei norske son- og dotter-namna som etternamn til nye generasjonar fører vidare ein tradisjon i strid med prinsipp om likestilling. Etternamnsskikkar som gjer det mogleg å føre vidare etternamn frå far, men ikkje frå mor, har vore vanleg i mange samanhengar i mange samfunn gjennom tidene. I store delar av verda har det vore løyst steg for steg med å prioritere likestilling gjennom internasjonale avtaler. For namn med dotter-/datter-endingar til nye generasjonar er det opna opp i den nye svenske namnelova (gjeld frå 2017). Sjølv om styringsdokumenta for den norske namnelova ber om atterhald, vil det i Noreg vera naturleg å følgje internasjonale prinsipp om likestilling mellom kjønna, også for etternamn som endar på -dotter og -datter.

Denne artikkelen sto på trykk i Replikk”

Forsia av Replikk nr. 48, våren 2020

Les også